Rolv Henry "Kjeften" Haga - "Bjørnebane"

Lost Hero

Description:
Bio:

Rolv Henry “Kjeften” Haga

“Bjørnebane”

Fødd i 1889.

Grunna den store Ulvepesten på 1840-talet og utover, og den systematiske jakta på ulv, samt at dei fleste Garou i denne samtida var opptekne med ein stor krig i åndeverda, var Garou-samfunnet i Vest-noreg lite og spreidt i åra då Kjeften vart fødd. Han synte ingen teikn til å vere fødd varulv, og det var heller ingen varulvar til stades for å halde oppsikt med han eller å følgje han opp. Hans eldre bror, Ragnvald, var fangstmann, og drog på tokt til polområda, og den spe og småvokste Rolv ville også dette, noko foreldra prøvde å nekte han. Men 15 år gamal mønstra han på ein ekspedisjon til Svalbard. Kvelden før avreise hadde han ei åndeleg oppleving, og kom til seg sjølv etter avreisetidspunktet: han var blitt akterutseilt. I stor skam måtte han hevda at han hadde drukke seg kanakkas for å feire at han skulle dra, men det var ikkje før nyhenda om at skipet hadde forlist og heile mannskapet avgått. Då skjøna han at opplevinga hans ikkje var galskap, men faktisk at nokon der ute vokta over han.

Han kom seg omsider av garde til ein ny fangstekspedisjon til Svalbard, Eihåp, og det var då livet hans endra seg for alltid. Av eit lag på sju, enda Kjeften opp med å ligga aleine i eit lite blokkhuset. Uvitande hadde fangstlaget slått opp leir på ein vanheilag varde, vakta over av ein Wyrm-infisert monsterisbjørn. Kjeften vart angripen allereie tredje natta, blokkhuset pulverisert, og Kjeften opplevde sin First Change med livet som innsats! Hardt skadd men sigrande vart han utropt til helt; fangstpartnarane hans hadde rømd i Delirium, og då dei kom attende var isbjørnmonsteret drepen og den såra Haga liggande att.

Medan han låg medvitslaus og såra, og vart stelt attende til livet, vart han igjen vitja av ein ånd, men denne gongen hugsa han møtet etterpå. Ånden fortalte han kven han var, og at han hadde mektige fordedre som gav blodet hans kraft og god lagnad, og lærte han det han trong for å kunne møta andre Garou og hevda sin rett som krigar. Hans overgangsrite vart å reinsa den vanheilage staden, og det tydde først å tileigna seg evnene til å gjere det.

Då han vende attende til Noreg var han allereie Renowned takka vere bragdene han hadde gjort i teneste til ånden av Eihåp. Han møtte likevel motstand, og måtte sigre i tvekamp over septen sin kjempe, noko han gjorde. Han vart difor akseptert i både Garousamfunnet i og septen.

Men han var for alltid ein rastlaust sjel, og det var akseptert at han drog av garde på ekspedisjonar, både i Umbraen og i polare strøk, til Russland og store delar av Europa. Under andre verdskrig tenestegjorde han på Grønland, der han med hundespann eller i Crinos patruljerte kysten på jakt etter tyske soldatar.

Han vitja gamle Caerner, og gjorde storde dådar, men den største var då ondskapen truga med å utslette Caernen i Os, og eit grufullt Wyrm-creature fekk infisert sjølve hjartet i Caernen, og truga med å gjere heile Os til ein Blight. Haga ofra seg sjølve for å utsletja Wyrm-beistet sin kontroll over Caernen, og lukkast med det, men forsvann djupt inn i Umbraen. Dels av frykt, og dels av respekt, velde dei få, overlevande å gøyme Caernen for å forhindre at ondskapen skulle få feste att.

Men mange år seinare er åndane rastlause. I kampen som kjem vil alle Caerns trengast. Nokre få, tapre må bringa den attende, men kan dei det utan Kjeften Haga, hvis sjel er umiskjenneleg knytt til Caernen?

Økenamnet “Kjeften” fekk han for sitt grove mål og sitt harde bitt.

Rolv Henry "Kjeften" Haga - "Bjørnebane"

Werewolf: Vestland jbq jbq